Kjære studentar og lagstilsette!! Er de klare for årets store eventyr?
Laget er medlem av IFES, den internasjonale lagsrørsla. Mange studentar og tilsette har gode erfaringar frå leirar og opphald i andre lagsrørsler, andre har lite eller null forhold til IFES. No har du sjansen til å verte betre kjend med den verdsvide lagsfamilien.
Kvart år i juni arrangerer IFES Eurasia (tidl Sovjetunionen minus Baltikum) treningsinstitutt i Ukraina. I år har de sjansen til å verte med dit! Instituttet er nemleg basert på at dei tilreisande lagsarbeidarane frå heile sovjetområda skal sleppe å ta ansvar under opphaldet. I mange år har det vore tradisjon at folk frå vesten har kome og arbeidde som frivillige under instituttet. Dette har gjeve dei sjansen til å verte betre kjente med IFES og det arbeidet ein driv. Arbeidet går oftast i å lage til te og kaffimat til pausar (veldig enkelt), bere stolar og bord, ja, stort sett hjelpe til med praktiske ting. Ofte har teama hatt ein relativt grei storleik slik at ein har hatt god tid til sjølve å ta del på seminar og liknande. Uansett vil ein få vere med og kjenne fellesskapet gjennom lovsong, bibelstudie og fritid.
Leiarskapet i Eurasia er kjende med den norske lagsrørsla sitt engasjement for IFES og for støtte til ulike lagsrørsler i Eurasia (Russland, Ukraina, Azerbaidsjan og Kirgisistan) og ynskte difor gjerne at folk frå Noreg skulle kunne kome i år.
Håpet er å danne eit team frå Noreg. I år er instituttet frå 8.-21. juni. Eg skal sjølv ta del andre veka (fyrste veka er det "dessverre" norsk stabskonferanse). Moglegheitene er at folk reiser for å vere med begge vekene. Ein vert då henta på flyplassen i Kyiv av lokale medarbeidarar som tek ein med seg til byen Donetsk på toget. Den andre moglegheita er å vere med berre andre veka og at de reiser saman med meg.
På heimesidene finn de ein del info om instituttet. Heimeside: www.ifes-eurasia.org/en
Om det er interesse kjem eg attende med meir praktisk info om reise osb. Ta kontakt med Bjørn-Inge I DAG om du vil vere med!
Kontaktinformasjon:
Bjørn-Inge Aurdal
Giskegata 40,
6005 Ålesund
Skule- og studentarbeidar i Møre og Romsdal
Laget - Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag
Telefon: 98434752
E-post: bjorn.inge.aurdal{ætt}nkss.no
Ansvarlig redaktør Styret TKS
Teknisk ansvarlig: Web-gruppa
Logg inn